Foredragsbilete Framnes har dei siste åra hatt eit tett samarbeid med gründeren Geir Jonassen frå Lysekloster. Han har vore på besøk på skulen og har halde føredrag om prosessen rundt det å starte eiga verksemd. 10. mai var det nytt møte med gründeren, der elevar frå 1A, 1B og 2C fekk innblikk i entreprenørskap, frå idéutvikling til forretningsplan, marknadsføring og økonomi. (les meir under!)
Foto: Elisabeth Myrlid Eide

Sjå fleire foto HER!

Jonassen driv verksemda ColdCat, som leverer et sunt og velsmakande fastfood-alternativ i Norge. Produktet er samansett av varmrøykt aure, spesialprodusert brød og chrispsalat. Sjå http://coldcat.no/

I samfunnsfag skal elevane på Framnes innom hovudområdet Arbeids- og næringsliv. Eitt av kompetansemåla er: Å vurdera utfordringar ved å etablere ei bedrift. Elevane tykkjer gründerseminaret er interessant og nyttig. Ikkje minst set elevane stor pris på å få smaka på produktet. Mange tykkjer det er lærerikt å få besøk utanfrå, seminaret hjelper dei til å sjå samanhengen mellom lærestoff/pensum og det verkelege livet. Det er nyttig å møta ein gründer som kan dela av eigne erfaringar. Teksten om entreprenørskap i samfunnsfagboka vert levande.