frisbee03Framnes KVGS har fått si eiga frisbeegolfbane, eller diskgolfbane som det også vert kalla. Bana er samansett av fem korger og til saman 15 hol (ruter). Dette utgjer til saman 894 meter med ei gjennomsnittslengde pr hol på 59 meter. Par på bana er 47. (les meir under)

Sjå fleire foto HER!

Frisbeegolfbanen vart nyleg teken i bruk og er allereie flittig brukt både på fritida og i undervisinga.
Primus motor, lærar Frede Hatlen og medhjelpar og kollega Martin Dalane, er godt nøgde med resultatet. Dei fem korgene til 15.000 kroner er betalt av elevlaget på Framnes. Vaktmeistrane på skulen stod for monteringa.
– Dette er ein sport som er i ferd med å verta svært populær både internasjonalt og nasjonalt. Eg vil oppmoda alle til å følgja reglane, slik at det ikkje oppstår skadar, seier Hatlen.
For dei som ynskjer å sjå meir og følgja litt med, så finst det eit hefte med kart og reglar over bana. Denne kan du lasta ned her på nettsida. (sjå under)

I tillegg er det oppretta ei facebookgruppe for dei som ynskjer å få med seg det som skjer på frisbeegolf-fronten på Framnes. http://www.facebook.com/groups/364342696963892/

Last ned info om banen:

Vedlegg:
Last ned denne filen (FramnesDiskgolfbane-Hefte.pdf)Info om diskgolfbanen[Oversikt over banen og reglar.]1736 Kb