Kajakk_Oliver06Oliver Zimmer (19), som går andre året på Framnes KVGS, vart tysk meister to gonger i sprintkajakk i sin årsklasse i 2007. Etter vel tre års pause satsar han for fullt på kajakksporten igjen. Om to veker skal han delta på Noregscupen i Årungen.
– Dette blir det første stemnet eg deltek på sidan konkurransen i Berlin i 2007, rett før familien flytta frå Tyskland til Hardanger, fortel Zimmer.
Han har padla sidan 9-årsalderen, og skulle etter planen utvikla seg vidare på det tyske landslaget. Flyttinga til Noreg endra dette. (les resten av reportasjen under)

Sjå fleire foto HER!
Zimmer meiner alvor med satsinga. Han trenar kvar einaste dag, tilsvarande 5–6 mil i veka, for det meste mellom Øystese og Norheimsund. Det er blitt om lag 180 kilometer sidan 10. april. – Eg hadde blemmer i hendene den fyrste tida, men no har det gått seg til. Huda er blitt hardare, seier han. Han vedgår at forma har blitt dårlegare sidan var aktiv padlar i Tyskland. Det har endra seg den siste tida. – No er eg oppe på det nivået eg var på då me flytta, seier han.

Zimmer har kjøpt seg ny handlaga kajakk frå Portugal til 40.000 kroner. Denne vert flittig brukt. Farkosten er 5,12 meter lang, 37 centimeter brei og 12 kilo tung, og laga i karbon. – Vert eg god nok er planen å kjøpa ein kajakk til, som berre skal brukast i konkurransar. All treninga slit såpass mykje på kajakken at eg bør ha to, ein til trening og ein til bruk på stemner.

Zimmer skal delta på fire distansar under noregscupen, 200 meter, 500 meter, 1.000 meter og 5.000 meter. – Målet er å kvalifisera meg til finalen. Eg er truleg best på 1.000 meter, seier han. Zimmer har ambisjonar om å koma seg inn på det norske landslaget. Dersom han gjer det godt er målet om å få delta på internasjonale stemner innan rekkevidde.

– Det er ikkje alltid gode nok vêrtilhøve i fjorden for kajakkar som dette. Enkelte gonger må eg droppa padlinga og heller ta meg joggeturar til Børve, fortel han. Padlaren bur for tida på Børvenes, men til hausten flyttar familien til Fyksesundet. – Der er det perfekte treningsmogelegheiter, med mindre vind og bølgjer. Å få padla inn til Botnen er fantastisk.

– Kvifor denne store interessa for padling? – Det er kjekt å vera på vatnet, i nærleiken av naturkreftene. Det er inspirerande å få kajakken til å gå fortast mogeleg i sjøen, og det er ikkje minst veldig god trening for heile kroppen, seier Zimmer.