maria_raniwalla02Frå oktober i fjor til over påske i år, var Maria Raniwalla frå Øystese utplassert i Kampala i Uganda. Den tidlegare Framnes-eleven, som var russ i 2011, er student på Studium i tverrkulturell forståelse & internasjonalt arbeid på Hald Internasjonale Senter. Maria deltek på Focus, Laget sitt utvekslingsprogram, eit opplegg for dei som vil bli ”utfordra, inspirert og forandra”, som det heiter på nettsida til skulen. Maria kan skriva under på at dette er røyndom. – Det er vanskeleg å forklara med få ord dei opplevingane eg har hatt. Tida i Uganda har gjort noko med meg. Eg hadde godt av desse opplevingane, og ser meg sjølv i eit anna perspektiv etterpå, seier ho.
Maria var saman med ti andre studentar frå Hald i Kampala.
(les heile reportasjen under)

Sjå fleire foto HER!
Det var mange sterke nye inntrykk i starten, som måtte "fordøyast", men det vart etter kvart også vanlege kvardagar.
– Me var godt førebudde til utvekslinga, og fekk god opplæring for å unngå kultursjokk. Det kom godt med, fortel Maria.

Ifølgje Maria lever mange av fordommane om Afrika i beste velgåande. Mykje er annleis i afrikanske land, men det er ikkje slik at det alltid er afrikanarane som har noko å læra av folk frå Vesten. På nokre felt er det motsett.
– Me har mykje velstand i Noreg, og landet vårt er kome langt i utviklinga, men me har samstundes mykje å læra av dei afrikanske kulturane, til dømes når det gjeld gjestfridom og sjenerøsitet. Folket i Uganda har alltid husrom, dei har alltid tid og er alltid interessert i korleis me har det. Det er ikkje vanleg å isolera seg og dyrka ”privat tid” i denne kulturen, slik me ofte gjer, seier Maria.

– Me i Noreg har så lite tid til kvarandre. Eg vart audmjuk i møte med dei afrikanske venene mine. Eg har aldri før ete så store måltid mat som i Uganda, seier ho.
Etter eit halvt år i Uganda var det rart å koma heim. Maria vart vane med at folk spør: ”How are You?” Det var uhøyrt å gå forbi kjensfolk utan å spørja, med hjarta, om korleis ein har det, og korleis familien og borna har det.
– Dette er vanleg høflegheit i Uganda. Folk flest er svært imøtekomande.

I dei fyrste tre månadene av opphaldet arbeidde ho i eit barneprosjekt i slummen i Kampala. Nokre av oppgåvene gjekk ut på å hjelpa foreldra med å leggja til rette for skulegang for borna, skaffa reine klede og hjelpa til med daglege behov. Maria fekk også prøva seg som lærar. Ho underviste borna i engelsk og helse. – Det vart mange besøk i slummen, der me alltid var velkomne. Møtet med fattigdommen gjorde inntrykk. Det er så mange ting me tek som sjølvsagde her i Noreg, som slett ikkje er det for dei som har lite. Til dømes reint vatn og straum, fortel studenten. Etter jul fekk Maria ta del i det kristne studentarbeidet på universitetet i byen. – Det var utfordrande arbeid, fortel ho.

No er ho i gang med den avsluttande delen i studiet, som mellom anna inneber å formidla erfaringar og kunnskap etter opphaldet.

– Har tida i Uganda påverka deg i yrkesvalet ditt?

– I grunnen ikkje. Eg vurderer framleis å studera medisin eller ernæringsfysiologi, men eg kan godt tenkja meg å bruka utdanninga mi i andre land, gjerne i Afrika. Eg har vakse mykje i trua og ynskjer å gå dit Gud fører meg, seier Maria.

– Kan du anbefala Studium i tverrkulturell forståelse & internasjonalt arbeid på Hald Internasjonale Senter?

– Ja, i høgste grad, svarar den bevisste studenten frå Øystese.