frisbee08Då er den fyrste "offisielle" frisbeegolfturnering på Framnes gjennomførd!
Turneringa gjekk av stabelen onsdag ettermiddag, med 28 deltakarar. Gjermund Fure, Lillian Eide, Marius Svortevik, Truls Bru og Andreas Rødland gjekk vidare til finalerunden. (Marius Haugland Mikkelsen vart òg kvalifisert, men måtte på fotballtrening). Gjermund var solid heile vegen og trekte det lengste strået også i finalen, medan Truls kom like bak og Marius på 3. plass berre eitt kast etter det igjen. GRATULERER! Takk til Roar som kom frå Bergen og stilte med ein del av premiane, og takk til alle som deltok! (sjå resultatlista frå innleiande runde, under)

TOPP TI frå innleiande runde:

1: Gjermund Fure 43 kast

2: Lillian Eide 46 kast

3: Marius Haugland Mikkelsen 47 kast

3: Marius Svortevik 47 kast

5: Truls Bru 49 kast

5: Andreas Rødland 49 kast

7: Tørres Nordbø 52 kast

8: Knut-Lasse Åm Sognnes 53 kast

9: Jens Ivar Melås 55 kast

10: Erlend Løvfall 56 kast

10: Sondre Bø 56 kast

10: H.P. (?) 56 kast