FridaBergeFrida Berge (18), som er elev på Framnes KVGS, gjorde eit imponerande 1500m-løp på elitestemnet Hyundai Grand-Prix i Florø 3. juni. Med tida 4.24.56 kvalifiserte ho seg til junior-VM i Barcelona, som vert arrangert i midten av juli. VM-kravet er 4,28.
Foto: Johannes Børsheim
Ifølgje pressemeldinga frå klubben hennar, Strandebarm IL, var ho best av dei norske kvinnene på distansen, og kom i mål som nummer fire i feltet – som vart vunne av Malindi Elmore frå Canada. Elitestemnet vart avvikla under vanskelege forhold med sterk vind og temperaturar ned mot null grader. Klubben melder at Frida har hatt ein god, solid treningsvinter under leiing av faren, Hans Jakob Berge. Med så gode tider såpass tidleg på året, syner Frida at ho går mot ein ny spanande sesong. I dag er det nytt elitestemne på Bislett. Etter dette vert det to-tre gode treningsveker, før konkurranseoppkøyringa til junior-VM.