photo1063Mission Aviation Fellowship (MAF) gjekk sigrande ut som mottaker av neste års misjonsprosjekt på Framnes etter presentasjonsrunden fredag. Etter fyrste avstemning var det tre organisasjonar som peika seg ut, Mercy Ships, Normisjon og MAF. Til slutt fekk MAF flest stemmer.
MAF sitt prosjekt vert kalla Medical safari, som går ut på å bringa legehjelp, anna naudsynt hjelp og evangeliet til isolerte landsbyar i Tanzania med fly.
Måndag vart det valt leiarar for misjonsprosjektet for 2012/2013. Henrik Sørås vart valt som leiar, og Tomas Stenevik nestleiar.
– Me gler oss veldig til å starta arbeidet, og har stor tru på prosjektet og kullet vårt, seier Sørås.