aktivitetsdag25Det meste klaffa på årets aktivitetsdag førre torsdag. Vêret og arrangementet la til rette for eit yrande liv på Framneshalvøya med ei lang rekkje aktivitetar, som fotballcup, sandvolleyballcup, ballansegang på tau, frisbee, bueskyting og ikkje minst tautrekking. Primus motor og miljøarbeidar Andreas Sørås fekk både elevar og lærarar til å yta maksimalt.
Sjå fleire foto HER!