5Fysikk_tilpasning4Kva skal til for å skyta rakettar laga av 160 grams papir over den høgaste skulebygninga på Framnes? Det fann elevane i Fysikk 1 svaret på her om dagen.
Fysikklærar Ole Bjørn Kristensen gav elevane i oppgåve å laga rakettar av papir og testa dei ut på ei oppskytingsrampe med trykkluft. Koparrøyr, vinkelkoplingar, skøytepluggar, røyrpluggar, kuleventilar, luftventilar og ei kraftig pumpe var dei viktigaste delane, som Kristensen sette saman med god hjelp frå vaktmeistrane på skulen. Etter fleire vellukka rakettoppskytingar var det tid for å gjera utrekningar av startfart og akselerasjon, med utgangspunkt i trykk, utskytingsvinkel og utskytingslengde. Med trykk på om lag 70 psi, eller meir, fekk dei lette og spesialforma rakettane kraftig akselerasjon. Ved 90 psi og 45 graders vinkel vart det måla ein startfart på 80 km/t og ei utskytingslengd på om lag 52 meter. Det er mykje god lærdom i praktisk fysikk...
Oppgåva er henta frå Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM).

Sjå fleire foto HER