opningshelga_2012_16Dagleg leiar Øystein Samnøen i den norske avdelinga av Mission Aviation Fellowship (MAF) gler seg storleg til samarbeidet med russen på Framnes om årets misjonsprosjekt.
Organisasjonen fraktar helsehjelp, praktisk bistand og evangeliet med fly til avsidesliggjande landsbyar i mange fattige land i Sør-Amerika, Afrika og Asia.
– Eg takkar elevane og Framnes for tilliten. Det avgangselevane på Framnes har fått til med misjonsprosjekta opp gjennom åra er utruleg imponerande, seier Samnøen.
Han deltok på opningshelga på Framnes med andakt og presentasjonar av det omfattande arbeidet til MAF.
– Langsiktig
Ifølgje leiaren i MAF Norge vil innsatsen til årets russ truleg gje ressursar til eitt års helsearbeid for fattige menneske i 25–30 avsidesliggjande landsbyar i Tanzania.
– Når det gjeld prosjektet tenkjer me langsiktig og tosidig. Prosjektet vil gje verdfull hjelp til fattige menneske i Afrika, men like viktig er kva ungdommane sjølve får ut av prosjeket. Dette er ressurssterke unge menneske som står framføre viktige val. Eg håpar prosjektet på lengre sikt kan vera med på å skapa forståing og engasjement for misjonsarbeidet, seier han.
– Kva skjer vidare?
– No skal me først laga ein skikkeleg slagplan for aktivitetane i prosjektet, og eg vil ha tett kontakt med leiarane i prosjektet, fortel Samnøen.
Han er oppteken av at misjonsarbeidet er noko meir enn eit pålagt oppdrag. Det er også spennande og meiningsfullt.

Kjærleikshandlingar
– Det handlar om enkeltmenneske. Gud og menneska i verda. Misjonsarbeidet har sett varige spor i meg. Eg har tru på å visa praktisk kjærleik og samstundes spre evangeliet. Det er ein god kombinasjon, seier Samnøen.
I andakten på opningsfesten tok Samnøen utgangspunkt i spørsmålet: Kvar kan me finna ankerfeste og sikker trøyst?
– Grunnen til at me flyg med medisinsk hjelp og evangeliet til fattige menneske i avsidesliggjande område i Afrika er tre-delt. For det fyrste finst Gud. På same måte som me ikkje kan sjå lufta, eller vinden, veit me at dei finst. Gud finst, det ser me gjennom trua. Den andre grunnen til aktiviteten vår er Guds kjærleik som me kan formidla vidare gjennom praktisk handling, og for det tredje kan me dela Guds nåde med alle menneske på jorda. Dette er grunnlaget vårt.
Samnøen oppmoda forsamlinga til å ta Gud med i dei mange vala i livet.
– Det viktigaste valet handlar om kva forhold me har til Gud, sa han.