klassetur_1A_1B_2012_7Årest oppstart-turar har gått i mange ulike retningar, til fjells og på fjorden. Først ute med glimt frå opplevingane er elevane i 1A og 1B.
Dei gjennomførte ein to dagers "bli-kjent-tur" til Wallemtunet på Kvamskogen, med avreise frå Framnes tidleg torsdag morgon.
Elevane fekk ein lang dag som skulle fyllast med ulike aktiviteter. Fyrst en fottur til Skeiskvannsdalen, der ulike typar stafettar og grilling stod på programmet. Nokre "friskusar" nytta høvet til ein dukkert i elva på veg tilbake.
Vel heime igjen på Wallemtunet stod det taco på menyen. Elevene var flinke til å hjelpe til med matlaging og oppvask for over 70 personar!
På kvelden var elevane ansvarlege for programmet, med leikar og konkurransar. Kvelden vart avslutta med ord for kvelden og lovsong.
Før heimreise på fredag vart det tid for "ord for dagen" og sporløype i området rundt tunet.
Me sit att med mange gode inntrykk av ein elevflokk som var postive og engasjerte. Kjekt å sjå at nye vennskap dukka opp!

Tekst: Lisbeth F. Oma