botnen_0123. august padla elevane i 2C avgarde i kajakk med kursen mot Botnen, ein fantastisk sidefjord i Hardangerfjorden. Les kva elevane sjølve skriv om turen:

Tekst: Martine Sjøen og Gunhild Misje

Torsdag morgon den 23 august, sette 30 spente elevar seg i kvar sin kajakk og var klare til å padle innover Hardangerfjorden. Vêret var nokonlunde bra, og humøret hos dei aller fleste var på topp. Me padla innover mot Botnen i godt over 5 timar før me var framme, der me skulle slå leir. Jubelen var stor, spesielt blant dei fisefine byjentene, då me fant ut at det var skikkeleg do på plassen! Hurra!
Ivrige og svoltne elevar byrja med oppgåvene dei hadde fått utdelt med ein gong vi var framme. Nokon skulle settje opp lavo, andre laga mat og laga til bålplass, medan andre stod for god stemning. Med 3 stk lærarar som satt godt planta på kvar sin benk og drakk kaffi, og lo av «håplause elevar», må me sei me blei motiverte til å fortsettje arbeidet. Takk for den! Gitar og sang rundt bålet var i gong, og me avslutta den flotte dagen med ord for dagen, og god mat i magen, før me kraup ned i kvar vår sovepose og lada opp til neste dag.
Allerede klokka halv ni neste morgon blei me vekt av to morgonfuglar med grytelokk. Kjempe kjekt for morgongretne elevar, utan å nevne namn!
Frokosten blei spist opp og nista blei smurt, og nå var det tid for det store høgdepunktet. Vi skulle besøkje Jon Skår, langt oppi hutiheiti, ja faktisk der ingen skulle tru at nokon kunne bu! Hoho, tok du an??
I løpet av besøket til denne mannen rakk me å hjelpa han me å bære ved, gå opp til eit utsiktspunkt, og høyre på korleis Jon havna der han bur idag. Det var ein utruleg kul opplevelse som vi ikkje kunne vore foruten.
Då vi kom til leirplassen igjen seinare på dagen, var det duka for konkurranse. Vi blei delt inn i lag, der kvart lag skulle lage pil og boge. Vi skaut på blink, og for å sei det mildt, kan du sei at nokon var betre enn andre. Men sjølv om nokon sine piler ikkje kom lengre enn ein meter, var det god stemning og stort konkurranseinstikt. Kvelden vart avslutta med vaffelsteiking på bål og ord for dagen.
Siste dag gjekk til nedpakking og padling heimover mot Framnes igjen. Gleden var stor då vi nådde fram til dei fantastiske framnesbollene, og plutseleg var vonde gnagsår i hendene, våte og kalde klede og slitne skuldrer gløymt.
Vi kan alle skrive under på at vi hadde ein fantastisk bra tur, med utrulig kule opplevelsar!
Tusen takk for ein fantastisk tur 2C!!