orienteringstur_15Tur til Tjønshaugtjørn 23. august:
3a og 3b sin opningstur skulle i år kombinerast med måloppnåing i kroppsøvingsfaget. Kompassa blei derfor pakka i sekkane, innimellom flatklemte pølsebrød og halvvegs tinte pølser. Turen gjekk til Tjørnshaugtjørn. Etter ein våt orienteringssekvens smakte det godt med grilla pølser inne i gapahuken. Det er rart kor mange som kan få plass i ein gapahuk, berre véret er dårleg nok. Vi avslutta med å gå ein runde oppover, og kom ned igjen over Holten og Fosso - i alle høve nokre av oss.

Tekst: Sverre Lindøy
Foto: Miriam Minde