pa_loffenDaniel Lyngstad (22) frå Klepp på Jæren går sine eigne vegar. Det vil seia, han går saman med Jesus på loffen dit Meisteren leier han.
Daniel starta loffeturen på Klepp i slutten av august, og målet er å loffa rundt i Sør-Noreg, via Bergen, Ålesund, Trondheim, Oslo og Kristiansand – til fots og som haikar.
Her om dagen dukka han opp på Framnes, og spurde høfleg om kost og losji. Som takk får skulen nytta seg av arbeidskrafta hans. Karen har allereie hatt ”ord for dagen” på ei morgonsamling, delteke på bibelgruppe, undervist i kristendom og raka lauv rundt skulen.
 
Tekst og foto: Lars Arvid Oma

– Eigentleg var planen å reisa til Bergen for å jobba, etter to år på bibelskulen i Grimstad. Men så fekk eg ein draum der eg opplevde Gud sa til meg: ”Du skal ikkje til Bergen, du skal ut og sjå på skaparverket mitt og snakka med brørne og systrene dine”, forklarar Daniel.
Slik vart det. Etter draumen i april forma planen seg, og så bar det ut på landevegen, utan pengar og mobiltelefon, med sekken fullpakka med klede, telt, sovepose, fiskestang, stormkjøken, førstehjelpsutstyr, kniv, sag, hengekøye og andre viktige detaljar. Som ein ekte speidar.
– Kvifor gjer du dette?
– Eg ynskjer å gjera noko for Jesus, og ta eit tak for kyrkjelydar, i bibelgrupper, på aldersheimar, og i møte med enkeltmenneske – uansett åndeleg ståstad. Eg har lyst å gje noko, samstundes som det er ein stor rikdom å få del i det andre menneske har opplevd. Eg får høyra så ufatteleg mykje spennande. Det er mykje å læra, seier 22-åringen.
På Framnes har han på kort tid fått god kontakt med elevane.

Daniel har ikkje ein ferdig ”spikra” plan, men mykje tyder på at han reiser vidare i morgon (fredag).
På loffeturen så langt har overnatta på skular, i telt, i buss-skur og elles der det er naturleg. Når han kjem til eit sentralt vegkryss, plar han kasta krone og mynt med ein ”spesialstein” for å få vita vegen vidare. I utgangspunktet tenkte han å reisa langs kysten til Bergen, men då han kasta ”steinen” litt lenger sør gjekk turen lenger inn i landet. Han tek dagane som dei kjem, som ein ekte loffar.
– Eg har aldri vore på desse kantar av landet tidlegare. Det var ikkje sjølvsagt at eg skulle dukka opp på Framnes, fortel han.
Ei stund etter at ”loffe-planen” var lagt dukka det opp eit tilbod om eit opphald i Brasil, som hjelpar i ein kyrkjelyd. Det var freistande, men Daniel heldt fast på planen sin. I staden vart det ein månads tur til Brasil tidlegare i haust, med arbeid blant barn og unge i ein kyrkjelyd.
Med det same han var heime bar det ut på landevegen att.
– Når avsluttar du?
– Når eg er ferdig, svarar han kontant.
Turen vert til undervegs, men loffaren reknar med at han er framme i Kristiansand i mai ein gong. Elles har han ikkje fastlagde planar for innhaldet på turen.

– Det beste med loffeturen er åleinetida med Gud. Når eg går lags vegen, eller ligg heilt åleine i teltet og alt er stille, er Gud veldig nær. Det er samstundes godt å få møta menneska, både kristne og dei som ikkje har ei kristen tru. Det er meiningsfullt å snakka med alle. 90 prosent av dei eg møter er positive, og svært mange er nyfikne på det eg driv på med, fortel Daniel.
Nokre gonger har folk vore så interesserte i samtalen at han har blitt invitert med på kafé. Andre gongar opplever han lange og gode samtalar i bil, eller ferjekø.
Når han fortel andre ungdommar kva han held på med, er det ikkje alle trur han med det same.
”Er du seriøs?” ”Køddar du?” lyder kommentarane.
Når dei innser kva Daniel held på med, er tilhøyrarane både imponerte og inspirerte.
– Det handlar til sjuande og sist om å vera positiv og ikkje liggja på latsida, understrekar han.

Daniel klarar seg med minimale utgifter, og må han spørja om pengar får folk alltid ei forklaring på kvifor han gjer det, og kva pengane skal brukast til.
– Eg likar ikkje å ta mot større beløp, men eg merkar når det er ein varm tanke bak. Då plar eg seia at eg kjem til å gje det meste til eitt eller anna godt prosjekt, som til dømes bibelskulen eg gjekk på.
¬– Visste du kva du gjekk til?
¬– Eg trudde eg visste det, men det vart i grunnen annleis enn eg trudde. Opplevinga av å måtta leggja livet i Guds hender og stola fullt og fast på han frå dag til dag er spesielt, seier Daniel.