Tore_VaagEin av norsklærarane på Framnes, Tore Vaag (36), gjorde alvor av draumen om å gje ut si eiga diktsamling. En fortærende ild, som kom ut for kort tid sidan, inneheld førti dikt i ulike sjangrar. Dei fleste er skrivne i løpet av dei siste tre åra.
– Det er ei ærleg diktsamling, ei slags gjennomarbeiding av livet på godt og vondt, mest på vondt. Som eit ”hugsviv”, seier Vaag.
Han vil ikkje låsa innhaldet til spesielle oppfatningar eller meiningar. Tittelen har rett nok ein relasjon til Bibelen, men samla sett handlar dikta like mykje om det som er i oss og som fortærer oss innanfrå.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma
– Meininga er å ”tvinga” lesaren til å vera medskapar, til å tolka inn eigne meiningar og opplevingar. Eg er oppteken av at dikta skal vera forståelege, men samstundes skal dei gje rom for tolking og tankespinn. Som eit assosiativt språk, seier han.
Vaag har lese mange dikt frå ulike sjangrar. Det er modernismen som har påverka han mest.
– Korleis kjennest det å ha gjeve ut si eiga diktsamling?
– Dette er vel noko som alle norsklærarar drøymer om. Det er sjølvsagt kjekt å få tekstane anerkjent  av forlaget, seier Vaag.
– Korleis skriv du?
– Dikta kjem som regel spontant og tekstane må skrivast når inspirasjonen er tilstades. Det har vorte nokre ”raptusar” etter kvart, vedgår diktaren.
Det er ingen stor butikk å gje ut diktsamlingar. Forlaga er forsiktige og avventande, meir enn før. Vaag måtte kjøpa opp halve opplaget av totalt fem hundre eksemplar før forlaget kunne gå i gang med trykkinga.
Noko av grunnen til at det er blitt vanskelegare å gje ut diktsamlingar er at Statens innkjøpsordning er blitt meir restriktiv når det gjeld innkjøp av lyrikk.
Diktsamlinga er gjeven ut på Commentum forlag AS.