team_bildoy1Framnes har hatt fire studentar frå Bildøy bibelskule på besøk i to veker. T2-teamet, Gunnar Eldevik, Martin Albertsen, Hanne Maria Heggseth og Hanna Knudsen, har vore med på faste arrangement som møter og KRIK. Dei har sjølve teke ansvaret for temakveldar der ein har sett søkelyset på saker som til dømes menneskeverd, abort og forholdet til alkohol.
– Det er veldig positivt for oss på Framnes å ha dette samarbeidet med Bildøy, der me kan henta hjelp utanfrå i arbeidet med  å formidla kristen tru og engasjement til elevane våre. Gjennom disse vekene har T2-studentane vore med på mange gode samtaler. Kvar enkelt av har formidla vitnesbyrdet sitt inn i elevflokken, seier fungerande skuleprest Lisbeth F. Oma.