maf2012_06Årets misjonsprosjekt på Framnes samlar inn pengar til MAF (Mission aviation fellowship). For nokre veker sidan reiste Herdis Austevoll (lærar), Ingvild Bjelland (elev) og Henrik Sørås (elev og leiar for misjonsprosjektet) til Tanzania saman med representantar for MAF for å sjå nærare på arbeidet. Inntrykka er både gode og sterke.
Under kan du lesa kva Sørås skriv frå turen.

Sjå bileta i fotogalleriet HER



Me flyg for livet
Misjonsprosjektet 2012/2013 samlar i år inn pengar til Mission Aviation Fellowship, MAF, sitt prosjekt Medical Safari i Tanzania. Med dette får elevane vere med på noko heilt spesielt, nemleg å flyga for livet. 

Store delar av befolkninga i Tanzania lever langt ute i øydemarka. Grunna dårlege vegar eller ingen vegar i det heile er dei isolerte. Så løysinga når nokon vert sjuke, er å gå i fleire dagar for å kome til sjukehus. Her kjem flya til MAF inn og flyg hjelpa ut til dei isolerte. Medical Safari handlar om å gi desse menneska eit helsetilbod som vi tek som eit sjølvfølgje og samtstundes bringe håp gjennom evangeliet.

I haustferien fekk Ingvild Bjelland og underteikna den æra og det privilegiet å reise til Tanzania saman med Herdis Austevoll og MAF-Noreg. Vi fekk merke på kroppen kor naudsynte flya er.

Tysdag morgon tok vi plass i eit av dei fire flya MAF har i Tanzania. Destinasjonen var Haydom sjukehus. Her skulle vi hente helsepersonell for så å bringe dei ut til dei isolerte områda og vere med på ein av dei mellombels klinikkane.

På denne klinikken fekk med erfara det fantastiske samarbeidet mellom MAF og lokale sjukehus og helsepersonell. Vi vart møtte med ei enorm glede frå desse menneska, som i utgangspunktet ikkje eig nåla i veggen. Det var tydeleg å sjå kor viktig klinikken var for dei. Denne eine staden vi var innom behandla mellom fem og seks hundre menneske den dagen. Klinikken, som her dreia seg om hjelp til  barn, mødre og kommande mødre, vart flogen ut ein gong i månaden.

Ei anna flystripe vi var innom hadde ei heilt spesiell historie. Kvinnene i denne landsbyen, Bougia, hadde høyrt om alt det gode flystripene hadde gjort andre stader og såg at dei og trong ei. Men mennene såg annleis på det. Dei ville ikkje at misjonærane skulle kome og rokke ved livsstilen deira. Dei hadde det fint som det var. Men kvinnene fann seg ikkje i dette og starta bygginga av ei flystripe. Mens flystripa tok form gjekk mennene til heksedoktoren for å forbanne stripa, men til inga nytte. Stripa vart ferdig, flya kunne kome og mennene gjekk atter ein gong til heksedoktoren for å få flyet til å styrte. Flyet landa og landsbyen vart totalt forandra. Ni år seinare var det behov for utbygging av flystripa. Denne gongen tok mennene ansvar. Ikkje ei einaste kvinne trong arbeide. 400 menn flytta 3000 kubikkmeter jord ved handkraft.

MAF i Tanzania har nye prosjekt og nye flystriper som skal byggjast. Og i kontrast til å fly køyrde vi for å sjå på nokre av dei komande flystripene. Fire timar på ”hovudvegen” og vi var mørbanka av all humpinga, men om vi trudde vi var kome til øydemarka no, tok vi feil. Etter to timar, på noko som tilsynelatande var ein veg, så var vi framme i Kitwai B. Det er inga moglegheit for at helsepersonell kan starte eit arbeid etter ein slik tur. Denne seks timar lange køyreturen ville teke om lag 30 minutt med fly. 

Vi har for alvor fått oppleve kva det vil seie ”Å flyga for livet”. Vi har sett kor naudsynt MAF sitt arbeid er og kor lite som vil gjere ein så stor skilnad. Ei jerrykanne med flybensin kostar om lag 100 NOK og svarar til 20 minutt i lufta. Dette er nok til å redde eit menneske ved ein naudflyging. Dei fleste stripene vi var innom var 10 minutt frå kvarandre.

Vi takkar for det privilegiet det var å få reise til Tanzania. Dette er noko som har forandra oss og vi kan nesten ikkje vente med å ta fatt på resten av misjonsprosjektåret. Saman kan vi gjere menneske åndeleg og fysisk forandra.

Henrik Sørås, 
Misjonsprosjektleiar 2012/13