Talentiaden_2012_029Laurdag kveld var det "stinn brakke" på Framnes. Talentiaden 2012 presenterte 14 innslag, frå messingblåsarar og solosongarar til heftig rock og dans. Etter stemninga i salen å dømma likte elevane og dei tilreisande 10.klassingane det dei fekk høyra og sjå.
The Siggs, med låta Up above mye head stakk av med både publikumsprisen og dommarane sin pris. Songen er skriven av Sigurd Nyborg.
Prisen for det mest kreative innslaget gjekk til Stavanger symfoniorkester (biletet) med eit hektisk dansenummer.
Overskotet frå Talentiaden går til Misjonsprosjektet, som i år støttar MAF (Mission Aviation Fellowship) sitt arbeid i Tanzania.

Gå inn i fotogalleriet HER, så får du eit inntrykk!