open_helg_2012__074120 tiandeklassingar tok mot tilbodet om open helg på Framnes. Gjennom aktivitetar og presentasjonar fekk dei potesielle søkjarane eit lite innblikk i kva det vil seia å gå på Framnes. Gjestene fekk også oppleva helgas høgdepunkt, Talentiaden.
Om lag 90 av gjestene overnatta på skulen.

Gå inn i Fotogalleriet HER

Fredag kveld vart gjestene delt inn i faddergrupper, der fyrsteklassingane, som var fadrar, hadde eit spesielt ansvar for å losa dei gjennom helga.
Seinare på kvelden var det gospelnight, der Norheimsund og Øystese ungdomskor deltok. Mange Framnes-elevar er med i koret.
Laurdag stod fagstasjonar og ulike aktivteter på programmet. Dei vel 120 frammøtte fekk møta lærarar og elevar som presenterte ulike fagtilbod.
Opphaldet vart avslutta med frukost og heimreise sundag.