nettsidaSom dei fleste allereie har oppdaga er skulen si nettside fått eit løft med ny layout og betre struktur. Me håpar alle finn fram!
For å letta leitinga prøver me no å losa dei ulike brukargruppene inn i sida. Nye søkjarar kan gå rett inn i "Søkjar", dagens elevar kan nytta seg av "Elev" og forelde har ein eigen kanal i "Foreldre". I hovudmenyen er det også eit nytt punkt, "Karriere". Dette er eit satsingsområde for skulen. Gå inn og sjå kva Framnes legg i omgrepet.
Det er truleg ting på sida som må korrigerast, men me arbeider med saka! Dersom de oppdagar noko, så er me takksame for konstruktive tilbakemeldingar!
Facebook-anbefalinga er ute av drift, men skal reparerast så snart råd er.
Webmaster