barmarkstrening_telemark_212Frå tysdag til torsdag hadde Framnes besøk av ein spennande trio frå Skiforbundet:
Seks gonger verdsmeister i telemark, Sigrid Rykhus, landslagssjef for telemarkslandslaget, Jo Mork og ”mr. Telemark”, Morten Nordli.
Dei tre gjestene har kursa både idrettselevar og idrettslærarar under opphaldet. Det er også blitt tur til Eikedalen på Kvamskogen og hektisk barmarkstrening i gymsalen på Framnes. Torsdag vart gjestene med til Voss, der Framnes hadde ansvaret for eit telemarkkurs for idrettselevar frå heile Hordaland.

Sjå fleire foto frå barmarktreninga HER

Sjå film på YouTube HER


Ivrige telemark-elevar
– Etter det Framnes, med Odd Inge Austevoll i spissen, har gjort for telemarksporten i Noreg, er det utruleg viktig for oss å stille opp nokre dagar på skulen. Odd Inge legg ned mykje arbeid i dette og han er alltid å nå på telefonen når me treng svar på eitt eller anna. Då han spurde om me kunne tenkja oss å ta turen over hit, var det ikkje vanskeleg å svara ja. Det er viktig for oss å gje noko tilbake, seier Mork.
– Korleis har de opplevd dagane på Framnes?
– Det er flott å oppleva så mange ivrige elevar på telemark, og som er så flinke til å stilla opp. Det er ein strukturert og fin gjeng. Det er også spesielt å få oppleva den nære kontakten som er mellom lærarar og elevar, seier han.

"Kvifor er eg ikkje nummer sju?"
Forutan seks VM-titlar har Rykhus også sikra seg 39 worldcupsigrar i dei ti sesongane ho har delteke i internasjonale meisterskap. Ho har også vore innom skicross-landslaget.
– Eg har vakse opp i Vinstra i eit miljø som har vore engasjert i telemarksporten. Det fine med denne skiidretten er at han er så allsidig. Telemark stiller krav til styrke, koordinasjon og spenst. Dei mange elementa gjer at det blir ekstra interessant og utfordrande, seier Rykhus.
Bror hennar, Eirik Rykhus, har tolv VM-titlar i telemarkkøyring.
På onsdagen hadde ho foredrag for elevane, med overskrifta ”Kvifor er eg ikkje nummer sju?” Det handla om kva som skal til for å bli best i det ein held på med.