treningsleksjon_250I dag hadde idrettsklassane på Framnes  besøk av Joar Hansen frå Høgskolen i Lillehammer. Han er testleiar på det fysiologiske testlaboratoriet til Olympiatoppen på høgskulen, og arbeider tett med utøvarar og trenarar på internasjonalt toppnivå. Han arbeider mellom anna for skikyttarlandslaget, langrennslandslaget og sykkellandslaget i Noreg. Hansen har travle dagar med mange oppgåver innan undervising, rådgjeving og forsking.
– Det er eit svært interessant og utfordrande arbeid. Ein må vera på ”tå hev” og vera på ”hugget”. Eg arbeider med utøvarar og trenarar som er ekstremt motiverte og som forventar topp innsats og oppdatert kompetanse, forklarar laboratoriesjefen.
Han legg mellom anna vekt på å utfordra topptrenarane i treningsfilosofien dei arbeider etter. Aller helst vil han ha på plass endringar som kan betra prestasjonane.
Noko av dette tankegodset fekk elevane del i under nokre lærerike timar i føremiddag.
Hansen, som kjem frå Hålandsdalen, gjekk ut som russ på Framnes i 2000. Han var elev på skulen samstundes som Øystein Mongstad – som no er idrettslærar på Framnes.
Hansen har seks års utdanning frå Noregs idrettshøgskole, og har også vore aktiv idrettsutøvar – mellom anna i sykkelsporten.

Tekst og foto: Lars A. Oma

treningsleksjon_249