fyllingen_kjetil_01_fotoejdKjetil Fyllingen (biletet) og Marit Ådnanes frå Indremisjonsforbundet har denne veka hatt temasamlingar for elevane på Framnes. Fyllingen opna serien på tysdagskvelden med temaet ”Det ondes problem”. Eit stadig like aktuelt tema, krevjande, på djupet i livet. Det er viktig at nokon tek tak i temaet og prøver å gje svar på vanskelege spørsmål. Gleda og lysten på livet står sjølvsagt i sentrum i ungdomstida, men samstundes kjenner mange på smerte i periodar med vonde hendingar. Ein skal ta det på alvor.

På onsdagskvelden hadde Ådnanes temaet ”Sex og samliv”, også eit aktuelt tema om ein viktig del av menneskelivet. Vakkert og vel verdt å ta vare på.

Torsdag kveld var det Fyllingen sin tur igjen. Denne gongen var temaet ”Disippel foran TV”. Korleis brukar me TV/film og video? Er det slik at me kan skru av hjernen og ukritisk sluke det som vert servert?

Fyllingen skisserte matnyttige metodar i det å bli bevisste disiplar framfor skjermane. Det er ulike måtar å konsumera inntrykka på. Ein kan vera aktiv og ta mediet og kulturen i bruk for å spreia ein god bodskap og kristen tru gjennom naturlege ”tilknytningspunkt” – og setja pris på kunsten, – eller sluka alt rått og ”flytta inn” i TV-seriane. Stikkordet er bevisstgjering.

Tekst: Lars Arvid Oma