P3090065Glade for å sleppe dei siste skuletimane sette 20 smørblide elevar frå VG2 friluftsliv og to heldige lærarar kursen mot Kvamskogen sist fredag. Sekkane var fylt opp med, forhåpentlegvis, varme klede og godt med mat(snop).

Så var det berre å sette på fellene, eller smøre skia, og lange ut i strålande solskin. Etter vi hadde fått erfare fordelen med feller oppover bakkane, og mykje knall og fall nedover fann vi oss ein stad og slå leir for natta.

Etter at telta var komne opp og middagen var i magen, vart det bålkos under ein nydeleg stjernehimmel før vi tok kvelden.

Det var mange trøtte fjes å sjå morgonen etter, ikkje alle hadde sove like godt i dei mange minusgradene. Tross lite søvn var gjengen klare for ein ny dag som starta med frukost i sola før det bar ut på tur igjen. Denne dagen skulle by på nye opplevingar for dei fleste, nemleg det å bygge snøhole.

Etter mykje om og men fann vi tilslutt ein plass der det var akkurat nok snø til å grave, og det var berre å setje i gang. Ute var det bitande kaldt så det var godt å ha noko å henge fingrane i så ein blei varme. Timane gjekk og snøholene blei større, tilslutt var det ein nøgd gjeng som la seg til å sove inne i dei sjølvlaga ”bustadane”.

Siste dagen tok friluftslivgjengen ein kort topptur i strålande solskin før dei rann ned til bussane igjen. Sjølv om det framleis er tær og fingrar blant gjengen som ikkje er ”komne tilbake”, hadde vi ein fantastisk tur og vi sit igjen med mange gode minner.

Foto og tekst: Amalie Gjengedal og Kristine Eide

Sjå fleire bilete i Fotogalleriet