barmarkstrening_telemark_209Etter det skuleleiinga kjenner til har det aldri tidlegare vore så mange søkjarar til Framnes KVGS. Til saman 417 har søkt om skuleplass skuleåret 2013-2014. Skulen har plass til totalt 270 elevar. 187 har søkt om plass på studiespesialisering VG1 (60 elevplassar) og 90 har søkt om plass på idrettsfag VG1 (30 elevplassar).

Høg ja-prosent
– Me er veldig godt nøgde med interessa for skuleplass på Framnes. Svært mange, om lag 90 prosent, har takka ja til plassane. Dette er fleire enn tidlegare. Samstundes vil eg oppfordra dei som ikkje har fått plass til å halda motet oppe. Det vil truleg bli endringar fram mot skulestart, og gode sjansar til å koma inn sjølv om det ser mørkt ut no, understrekar rektor Harald Voster. Han tykkjer søkjarane har vore veldig flinke til å gje rask og ryddig respons i søkingsprosessen.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma