boesseaksjon_4Torsdag førre veke sette 70 russ kursen mot Bryne saman med miljøarbeidarar og to frå personalet. Vel heime att kan dei engasjerte elevane sjå tilbake på mange opplevingar og fin innsats for Misjonsprosjektet. Bøsseaksjon og kollekt resulterte i 23.000 kroner til MAF (Mission aviation fellowship). Med andre ord, solid innsats! Den fyrste natta overnatta gjengen i Frøyland forsamlingshus. Der var det samling med dagleg leiar i MAF, Øystein Samnøen. Fredag føremiddag gav han elevane gode råd til korleis ein kan leva eit lukkeleg og meiningsfullt liv.

Seinare på dagen flytta russen seg til Jærtun lutherske friskule på Bryne. Dette var basen dei neste to døgna. Delekvelden fredag var eitt av høgdepunkta  på turneen. Elevane fekk høve til å seia litt om kva tida på Framnes har hatt å seia for dei, og fortelja om planane for tida etter Framnes. Dette vart ei sterk oppleving for mange. Særleg det å få høyra korleis tida på Framnes har endra liva til det betre for medelevar. Laurdag føremiddag hadde russen bøsseinnsamling og stand på eit kjøpesenter i Bryne sentrum. Bøsseinnsamlinga gav 15.000 kroner i ”misjonsprosjektkassa”. På veg heim sundag formiddag tok gjengen ein stopp i Stavanger, der elevane var med på eit møte i Salem. Russen bidrog med misjonsinformasjon, vitnesbyrd og song. Ved utgangen fekk møtedeltakarane høve til å gje ei gåve til MAF. Kollekten vart på heile 8.300 kroner!

Det er god grunn til å vera nøgd og takksam for russen. Turneen vart gjennomførd på ein svært positiv måte og gav eit solid inntrykk av elevar som engasjerer seg og som oppfører seg skikkelig.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma og Lisbeth Fredheim Oma

Sjå fleire foto frå turneen her!