fransk_besok15 elevar og læraren deira, Hélène Rodier, frå den katolske skulen Lyceé Sacré Coeur i Yssingeaux i Frankrike, har vore gjester på Framnes sidan måndag. Elevane har vore på tur til Eidfjord og Vøringsfossen, og har fått oppleva Bergen – med besøk på akvariet og tur med Fløybanen. Dei har også vore på rundtur i Kvam, mellom anna til Steinsdalsfossen og Kvam ungdomsskule. I tillegg har dei fått god tid til å verta kjende med elevane på Framnes i fransk- og engelskundervisinga, og på fritida – med ei rekkje idrettsaktivitetar. Dei franske elevane har fått prøvd seg i engelsk, og dei norske elevane har fått brynt seg på å snakka både fransk og engelsk.

Tekst: Lars Arvid Oma  Foto: Lars A. Oma og Hélène Rodier

LES MEIR UNDER!

SJÅ FLEIRE FOTO HER

 

Måndag skal gjestene padla kajakk og på tysdag får dei omvising på Hardanger fartøyvernsenter. No i helga er dei franske elevane med sine norske vener heim, mellom anna til Stord, Bergen og Austevoll.

Inn i mellom aktivitetane fredag fekk me slå av ein prat med lærar Hélène og elevane William, Lola, Emile og Victor. På engelsk.

– Det har vore regnfullt men veldig fint å vera på besøk, slår Victor fast.

– Det er lett å koma i kontakt med dei norske elevane. Dei er veldig imøtekomande, seier Emile. Dei andre nikkar. Det er tydeleg at gjestene har funne seg godt til rette på den norske skulen.

– Me kjem frå innlandet i Frankrike og er vane med fjell, men ikkje med hav og sjø. Det er veldig spesielt å få oppleva dette vakre landskapet, forklarar Emile, som gler seg over at sola endeleg kikar fram mellom skyene.

– Eg høyrer at det har vore sol i månadsvis før me kom. Det er vel me som kjem med styggevêret, fleipar han og ler. Dei franske elevane tykkjer det er kaldt. I heimlandet er det allereie sommartemperaturar.

– Men det har vore mykje kaldt og dårleg vêr i Frankrike i vinter, fortel Hélène.

Emile snakkar godt engelsk og fortel korleis livet artar seg på heimplassen, i den vesle byen med om lag 8.000 innbyggjarar.

– Kva er den største forskjellen på Framnes og Lyceé Sacré Coeur?

– Skulen vår ser eldre ut, men elles er dette skular på om lag same storleik. På vår skule kjem alle elevane frå same området. Framnes har internat med elevar frå heile landet.  Det fører truleg til ulike typar miljø, seier Emile. Han er mellom dei eldste av elevane frå Frankrike, og har bestemt seg for å studera spansk og engelsk på universitetet i heimbyen etter vidaregåande. – Eg har lyst til å bli journalist, fortel han.

– Kva tankar hadde de om Noreg og folket her før de kom?

– Me visste at Noreg er eit rikt land med mange høge, blonde menneske med blå auge. Elles viste me ikkje så mykje om  nordmenn, seier Emile. – Det har vore interessant å læra meir om kulturen her, seier Victor.

Fleire av elevane tykkjer Noreg har mange unge foreldre. – Då me var i Bergen møtte me fleire par som berre var litt eldre enn meg sjølv. Det var ei merkeleg oppleving. Dette er uvanleg i Frankrike, hevdar Emile.

– Har det vore lett å koma i kontakte med norske elevar?

– Ja. Det har vore veldig lett. Eg trur det er lettare å koma i kontakt med norske elevar enn franske. Akkurat det har vore noko av det beste med opphaldet, seier Emile. Dei franske elevane har vore brevvener med sine norske ”medelevar” om lag eit år før besøket.

– Har de lært nokre norske ord?

– Ja. ”Paraply”. ”Tusen takk”. ”Mitt namn er”, kjem det frå Victor. Også dei andre kjem med norske gloser dei har snappa opp.

– Kva tykkjer de om nivået i dei norske franskklassane?

– Eg tykkjer elevane klarar seg bra. Nivået er høgare enn tidlegare. Elevane er meir pågåande og betre førebudde, seier Hélène. Det er tredje gongen den franske læraren vitjar Framnes. Utvekslinga er i ferd med å bli ein tradisjon.

– Kjem de tilbake til Noreg ein dag?

– Ja!, kjem det unisont frå dei franske gjestene.

Primus motor for den franske utvekslinga på Framnes, språklærar Gry Engeseth, er svært nøgd med besøket. – Eg merkar på elevane mine at dei tykkjer dette er kjekt og spennande. Det har positiv effekt på læringa og eg ser heilt tydeleg at det er større vilje til å snakka språket. Det er flott å sjå at elevane ”vågar seg utpå”, og at dei er så inkluderande, seier ho.

Gry vedgår at det følgjer med ein god del ekstra arbeid og førebuingar til besøket. – Det kan kjennast strevsamt ut rett før, men når me er i gang er det veldig kjekt og meiningsfullt. Me har absolutt mykje igjen for innsatsen, seier ho.

Også leiinga på den franske skulen tykkjer utvekslinga er verdfull, og vil gjerne ha plass til fleire elevar på turane til Noreg. Dei er svært opptekne av å få praktisera engelsk, og opplever Noreg som imøtekomande og ope.

Kontakten med Hélène Rodier kom i stand i samband med at Gry og familien hennar ”bytte hus” med ein fransk familie ein sommar for seks år sidan. Det er tredje gongen Rodier kjem til Framnes med elevar frå den katolske skulen. Tradisjonen tru steller Gry i stand ein treretters middag for den franske læraren.

– Tysdag steller dei franske elevane til pannekakefest på Framnes. Då kjem også franskelevane frå Kvam ungdomsskule, fortel Gry.

Februar neste år dreg 3-4 elevar frå Framnes til skulen i Yssingeaux.