reiseteamFramnes har hatt besøk av eit reiseteam på fire frå T2-utdanninga på Bildøy bibelskule den siste veka. Saman med forkynnar Tor Ingvald Lauvrak (35) har ungdommane vore med å prega miljøet. Teamet har hatt møter på kveldane, andaktar på morgonsamlingane og har mellom anna delteke på idrettsaktivitetar – som frisbeegolf – og andre miljøskapande aktivitetar.

På sundag er det slutt for denne gongen.

– Det er alltid kjekt å få koma til skulen. Me vert så godt mottekne, og det er ein lett plass å vera. Her møter me elevar som ikkje er så mykje yngre enn oss. Det er lett å koma i kontakt, seier ein av deltakarane i teamet, Gunnar Eldevik.

Han og medstudentane Hanna Marie Heggset og Hanna Knutsen,  skal vera på Framnes fram til sundag. Det er ikkje fyrste gongen temaet er på skulen.

Ifølgje Lauvrak har det vore fine samlingar, med bra oppmøte.

– Du har vore forkynnar i 13 år. Kva er det som driv deg?

– Eg trur Gud har kalla meg til dette. Sjølv om det er mykje gøy med det å arbeida med ungdom, gjer eg det ikkje ”for gøy”. Det er eit oppdrag eg ikkje klarar å slutta med. Det er meiningsfullt. Eg trivst betre og betre, og får brukt meir og meir av meg sjølv i jobben, seier han.

Lauvrak arbeider halve året som forkynnar i Indremisjonsforbundet. Resten av arbeidsåret køyrer han trailer for eit firma på Bore på Jæren.

– Kva brenn du for?

– Fyrst og fremst at menneske skal verta frelste. Eg er også oppteken av at kristne skal få ta nye steg i truslivet og få oppleva fridom frå synd og sår som er med på å binda livet og utfaldinga. Det er godt å få leva eit frigjort liv, seier han.

Tekst og foto: Lars A. Oma