vaarvinter_3I år er det visst det meste unormalt når det gjeld vêret. Det har nok vore snø i mai tidlegare år også, men det er truleg ei stund sidan. På Framnes ligg det til rette for både snømenn og snøballkring, i ei tid på året det vanlegvis er grøne plenar og vårleg stemning. På tunet møter eg ein uvanleg doning på denne tida. Ein brøytetraktor.

– Far min starta brøytinga i Vikøy i 1971, og det er fyrste gongen me brøyter 3. mai, fortel Leif Sørheim. Han ventar på å få sleppa sauene og lamma på vårbeite. Men det kan visst bli ei stund tid, slik det ser ut no. Han er usikker på korleis det vil gå med avlingane i år med så sein start på vekstsesongen.

– Til samanlikning hugsar eg godt våren 2000. Då var det 20 cm gras og langt framskriden vår. Det er litt av ein forskjell. Ja, ja. Eg får brøyta vidare. Ha ein god sommar, seier han med eit breitt smil og set kursen ut av tunet.

Ein får tru at varmen kjem snart.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

Sjå fleire foto i Fotogalleriet