Norheimsund har fått Statens pris for attraktiv stad 2013. Torsdag var kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) i regionsenteret for å dela ut prisen. Ho hadde fylgje av juryformann Erling Dokk Holm og fleire gjester frå departementet og Hordaland fylkeskommune. Forutan heider og ære til arbeidet som er gjort for å gjera Norheimsund finare og trivlegare, fekk tettstaden ein pris på 250.000 kroner. Framnes ligg berre nokre få kilometer frå Norheimsund.