steinbu_5Tysdag 4. juni var heile tredjeklasse-kullet på tur til Steinbu.

For deg som vil vita meir om den spesielle historia til Steinbu, kan finna informasjon her:  http://www.kvam.rotary.no/index.php?mod=plink&id=12502&PHPSESSID=2950d9cdabe0d8e3061c4b75f527714a

Veret var strålande (som vanleg..) og humøret på topp! Underteikna fekk vera med som minibuss-sjåfør og høgtlesar då vi las frå ei bok med ei skildring frå ein av dei som hadde nytta Steinbu under 2. verdskrig.

Etter om lag to timars gange i relativt dryge stigningar nådde vi målet. Steinbu låg så godt skjult at fleire av oss gjekk rett forbi, sjølv om det i dag er skilta nesten heilt fram! Ikkje rart at Steinbu var ein god gøymestad for motstandsfolk under krigen!

Det var fascinerande å sjå Steinbu på nære hald, og med eigne auge sjå ein av stadane som er sentrale i Kvam si krigshistorie.

Takk for turen!

Tekst og foto: Geir Johnny Undal

Sjå fleire foto HER: