Avslutningsfest_2013__27På avslutningsfesten på Framnes laurdag overleverte leiarane for misjonsprosjektet ein stor sjekk på 1.327.875 kroner til MAF. Misjonsprosjektleiar Henrik Sørås var langt frå den einaste i den festkledde forsamlinga som måtte tørka tårene i ein kjensleladd avslutningsseanse for eit særs vellukka misjonsprosjekt. Personalet, medelevar og foreldre er alle mektig imponert over innsatsen dei unge har lagt ned i årets prosjekt. Overleveringa gjorde eit sterkt inntrykk på forsamlinga. Dagleg leiar Øystein Samnøen i den norske avdelinga av Mission Aviation Fellowship (MAF) tok mot den store gåva frå Framnes-russen. Han roste samarbeidet, innsatsen og innstillinga til elevane og gjevargleda hjå dei som har støtta prosjektet. Avslutningsfesten starta med den tradisjonelle middagen, der kjøkenet diska opp med flott middag og dessert – som lærarane serverte. På festsamlinga fekk foreldra høyra og sjå ei lang rekkje innslag. Festtale, helsingar frå kontaktlærarane, elevframføringar, videoinnslag, helsing frå foreldre og fellessong. For ikkje å gløyma sjølve prikken over i-en, fullføringa av misjonsprosjektet og overleveringa av den store pengesummen.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

Sjå fleire foto frå festen HER!