ny_flytebrygge_2013__3Takk vera ei gåve frå Elevlaget og Framnesforeininga på til saman 85.000 kroner har Framnes fått ny flytebrygge med åtte nye utliggjarar. Dermed kan elevar og andre sjøfarande sjå fram til fine forhold når skulen startar opp att. Hovudbrygga er den same, men ho har fått nye flyteelement. Vaktmeistrane monterte utliggjarane tidlegare i dag.

– Dette er eit område som vert mykje brukt av friluftslivsklassane og som er svært populært mellom elevane til fritidsbruk og bading. Difor er det ekstra kjekt å få dette i stand. Utan denne gåva hadde ikkje dette vore mogeleg å få til i år, seier vedlikehaldsleiar Kjell Magne Solsvik.

Ifølgje Solsvik kostar dei åtte nye utliggjarane 85.000 kroner eks. moms. 60.000 kjem frå Elevlaget medan Framnesforeininga støttar prosjektet med 25.000. Dei gamle utliggjarane, som Framnes i si tid overtok frå båtlaget i Norheimsund, var langt meir rusta enn det ein hadde forventa – etter over 20 år i sjøen.

– Det er godt å få dette i orden, seier Solsvik.

Dei seks meter lange utliggjarane gjev plass til båtar med storleik opp mot 32 fot.

Tekst og foto: Lars Arvid Oma

ny_flytebrygge_2013__1