elevstemne_13__1Elevstemnet 2013 gikk av stabelen i helga 28. - 30. juni. Mange kom allereie fredag kveld, og det var tydeleg at det var stor gjensynsglede! Resten kom laurdag føremiddag. Så var det tid til jubilantsamlingar med høg mimrefaktor.

Den største samlinga var 50-års-jubilantane, der nesten 60 stk. møtte opp. Den nest største var 5-års-jubilantane med nesten 40 stk. Totalt var det ca 270 jubilantar! Kl. 18 var det festmiddag, og etterpå var det fest i ein flott pynta gymsal. Elevlagsformannen Per Helleve leda festen med sin lune humor. Festtalar var Valgjerd Svarstad Haugland (40-års-jubilant), og det vart eit flott musikals innslag ved Tuva Vare Vik på hardingfele (akkurat ferdig med 3. klasse på Framnes) og Ingrid Standal Sørheim på torarar (akkurat ferdig med 1. klasse ved Framnes). Kvelden vart avslutta med sal av pølser og brus, samt bål på Verdens ende.

Elevstemnet vart avslutta på søndag med flaggheising, årsmøte der Per Helleve vart gjenvald som formann, og eit møte med tale av Gudmund Furnes (40-års-jubilant).

Takk for eit flott elevstemne!

Tekst og Foto: Jostein Moldsvor

Sjå fleire foto HER!