evja

Årsmøtet i Indremisjonssamskipnaden, som eig heile Framnes-eigedomen, gav grønt lys for å arbeide vidare med planar om ny idrettshall. Årsmøtet stilte seg svært positiv til at Framnes ønskjer å byggje hall og slik kome på bygningsmessig nivå med andre vidaregåande skular som tilbyd idrettsfag. Framnes kristne vidaregåande skule vil sjølv stå som eigar og byggherre. Dette er mest gunstig sett frå eit økonomisk synspunkt. No er det berre om å gjere å få til ein god reguleringsplan for den tidlegare evja i Vikøy, slik at me kan begynne å byggje så snart som mogeleg. Me har så langt i prosessen møtt stor velvilje både hos folk i Vikøy og offentlege styresmakter.

Harald Voster, rektor