iSKoleFramnes KVGS startar opp det nye skuleåret med flunkande nytt skuleadministrativt system. SkoleArena vert bytt ut med systemet iSkole. I går heldt Knut Arne Hanssen frå Barman Hanssen AS innføringskurs for lærarane på Framnes.

iSkole er ein informasjonskanal for lærarar, elevar og foreldre i ei og same løysing. Systemet har berre ei datakjelde, noko som medfører at alle data er ”sanntidsdata”. Det vil seia at det ikkje er forseinkingar på grunn av overføringar frå ein database til ein annan. Systemet er spesialtilpassa norsk grunnskule og norsk vidaregåande skule.

 

– Kvifor skiftar skulen til nytt administrativt system?

 

– Det er i hovudsak to grunnar: Kostnad og tilgjengelegheit. Ein kan gå inn i det webbaserte systemet uansett kvar ein er i verda, og systemet er særs intuitivt. Det skal sjølvsagt lærast, men eg er overtydd om at iSkole kjem til å letta kvardagen vår, seier Jostein Moldsvor.

Kurshaldar Hanssen er godt nøgd med kursdeltakarane.

– Heile gjengen imponerer. Folk viser interesse og syner vilje til å læra eit nytt system utan å klage. Det er flott, seier Hanssen.

Framnes er ein av 15 privatskular som har teke i bruk iSkole.

Tekst og foto: Lars A. Oma

iSkole2