trond_fredrik_ludvigsenTrond Fredrik Ludvigsen (31) har takka ja til å vera idrettslærar på Framnes i ei deltidsstilling (26 prosent) fram til nyttår. Han skal undervisa i aktivitetslære og fotball, og overtar delar av stillinga etter Johnny Mikael Gallefoss – som er blitt trenar i den belgiske klubben BX Brussels.

Ludvigsen har bak seg ein aktiv fotballkarriere i fleire norske eliteklubbar, i Bodø Glimt, Rosenborg og Brann. Han har også vore proff i tyske Hertha Berlin.

– Nokre av høgdepunkta var å få spela for Rosenborg i Champions League, mot storlag som Inter, Ajax og Lyon, fortel Ludvigsen.

Han kjem frå Alta, og har dei siste åra vore busett i Bergen og Austevoll.

– Korleis hamna du på Framnes?

– Eg fekk telefon frå ein hyggeleg kar på skulen (studieinspektør Odd Inge Austevoll), som lurte på om eg kunne tenkja meg å arbeida på Framnes – eit tilbod det var vanskeleg å svara nei til. Å få arbeida med motivert ungdom som ynskjer å verta gode i fotball er motiverande. Bakdelen er at eg må pendla, seier han.

Framnes KVGS er ikkje ukjend for Ludvigsen. Far hans, Helge, er rektor på Øytun folkehøgskole (noko han har vore i ei årrekkje), og kjenner skuleslaget. Mora Grete har gått på Framnes folkehøgskule.

– Eg gler meg til å starta, seier Ludvigsen.

Ved sidan av arbeidet på Framnes er han økonomistudent ved Handelshøgskolen i Bergen og fotballtrenar for AIK (Austevoll).

Tekst og foto: Lars A. Oma