Lanekassen1_nynorsk

Kva er utstyrsstipend?

Utstyrsstipend er pengar til nødvendig individuelt utstyr som du treng i opplæringa, for eksempel kalkulator, kokkeklede eller idrettsutstyr.

Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen. Utstyrsstipendet er 930, 2 060 eller 2 970 kroner for heile skoleåret 2013–2014. Dersom du søkjer berre for eitt semester, får du halvparten av beløpet. Kva beløp du får, er avhengig av kva utdanningsprogram du tek. Sjå lanekassen.no/utstyrsstipend.

 

Slik får du pengane frå Lånekassen:

1.Du søkjer frå lanekassen.no eller vigo.no. Bruk søknaden om stipend og lån til vidaregåande opplæring. Dersom du har fylt 18 år, kan du velje e-signering som signeringsmåte for stipendet.

2. Følg søknaden steg for steg på Dine sider på lanekassen.no.

3. Du får SMS/e-post når søknaden er behandla.

4. Du får avtalen om støtte sendt heim til deg. Dersom du har valt e-signering, kan du signere avtalen gjennom Dine sider.

5. Skriv under på avtalen om støtte – Dersom du er under 18 år, må både du og ein av foreldra dine / verja di skrive under.

6. Send avtalen om støtte tilbake til Lånekassen. Hugs frimerke. Dersom du bruker e-signering, treng du ikkje å gjere dette.

VENT
Pengane blir overført til kontoen din når skolen registrerer at du har møtt fram til undervisinga. Det tek ca. ei veke frå Lånekassen får registreringa frå skolen, til pengane er på kontoen. Hugs at du må stå som eigar av bankkontoen.



Visste du dette?

Når du sender søknaden, sjekkar Lånekassen automatisk om du kan ha rett til andre stipend i tillegg.

Stipend er pengar du får, og som du ikkje treng å betale tilbake

Informasjon for deg i vidaregåande opplæring

Se www.lanekassen.no/vg for meir informasjon om stipend og lån for deg i vanleg vidaregåande opplæring.

Søknad om stipend og lån

Trykk her for å gå direkte til søknaden: www.lanekassen.no/soknad_vgs.

Følg Lånekassen på Facebook

Lånekassen har ei eiga side på Facebook for deg som er elev på vidaregåande. Sjekk facebook.com/lanekassen.vgs.