nytt_golv_1nytt_golv_6

Den om lag 350 kvadratmeter store matsalen på Framnes har fått nytt golvbelegg i løpet av sommaren. Det gamle belegget frå 1969 hadde ”gjort sitt”, og var klart for utskifting. Vaktmeistrane og andre gode medhjelparar var med på arbeidet. Resultatet gjer at tilsette og elevar kan nyta godt av eit finare og meir lettstelt golv. Det er eit såkalla banebelegg med gjennomgåande farge. Utskiftinga kostar om lag 110.000 kroner.

Neste trinn i oppussinga av matsalen er montering av ny himling. Etter planen skal taket senkast 20 centimeter og det skal monterast støyisolerande plater. Det skal også monterast nye lampar i taket, og veggane skal få eit strøk eller to med maling. Dersom alt klaffar vert arbeidet gjort i vinterferien.

Tekst: Lars Arvid Oma   Foto: Kjell Magne Solsvik