00014428Sommaren går fort. Framnes KVGS er i full i gang igjen, og 260 elevar er på plass. – Me er svært nøgde med situasjonen. Det er framleis ventelister, og det er leit at me ikkje kan ta i mot fleire elevar, seier rektor Harald Voster.

På opningssamværet var det samla om lag 700 menneske. Det vart bore inn ekstra stolar og dei fleste i personalet fekk ståplass. – Me hadde ei fin samling  med supre elevinnslag på kornett og song, seier Voster.

Kurt Urhaug heldt andakt. Han representerer Evangelisten, som har fått misjonsprosjektet for 2013. Russen er allereie godt i gang.

Tekst: Lars A. Oma

Foto: Lisbeth F. Oma og Lars A. Oma

Sjå fleire foto frå helga HER!