frehandsval2

I dag fekk stemmeføre elevar, og tilsette, høve til å førehandsstemma på skulen. To representantar frå Kvam herad dukka opp på skulebiblioteket med stemmemateriell, pc og stemmeurne og organiserte vallokale frå klokka 10 til 13.

– Me er imponerte over deltakinga. Det har vore kø i periodar. Det var ei positiv overrasking, seier Pernhild Brunborg.

Brunborg og Jorunn Drægni Mæland har lang fartstid som valmedarbeidarar, og tykkjer det er eit bra tiltak å tilby førehandsstemming på dei tre vidaregåande skulane i Kvam.

– Tilbodet er nytt og kom i stand etter eit framlegg i heradsstyret, frå representanten Alexander Fosse Andersen (Sp), fortel Drægni Mæland.

Dei to valmedarbeidarane understrekar at det framleis er høve til å førehandsstemma i rådhuset og på biblioteka i Kvam fram til neste fredag, også for dei som er registrerte i andre kommunar.

Ein del av elevane på Framnes har truleg allereie førehandsstemt i heimkommunane sine.

Tekst og foto: Lars A. Oma