steinskvanndalen_06Den nye idrettsklassen på Framnes, 1C, fekk ein fantastisk start på skuleåret med tur på Kvamskogen 22. - 24.august. Elevane gjekk frå Steinskvanndalen til Skeiskvanndalen og Eikedalen.

Første dagen stod pølsegrilling og ei rekke leikar og aktivitetar på programmet saman med A - og B-klassen. Vidare fekk elevane to netter i telt, før dei enda opp i Eikedalen siste dagen. For mange var dette første møtet med friluftslivet og tur med tung oppakning på ryggen. Nydeleg vêr gjorde sitt til at turen vart ei flott oppleving!

Tekst: Sveinung Nessa

Sjå fleire foto HER!