wallemtunet_299

Målet for oppstartsturen for førsteklassingane er først og fremst å skape ein god sosial atmosfære, med høg trivselsfaktor og gode høve til å verta betre kjende med kvarandre. Torsdag morgon førre veke reiste 90 elever frå 1A ,1B og 1C med buss til Kvamskogen. Der vart det innlosjering på Wallemtunet, før me gjorde oss klare til fjelltur i nydelig sommarvêr saman med idrettsklassen.

Turen gjekk først til Steinskvanndalen. Elevane vart delte inn i lag, blanda på tvers av allmenn- og idrettsfagklassane, og deltok deretter i ulike stafettar og leikar.

Det vart sjølvsagt tid til pølsegrilling og bading. Etter nokre timer ved Steinskvanndalsvatnet tok elevane i studiespesialiseringsklassen farvel med turfølgjet i idrettsklassen og gjekk tilbake til Wallemtunet. Der venta tacomåltid og sosiale aktivitetar utover kvelden. Dagen vart avslutta med song og andakt.

Sovinga gjekk føre seg i anten gode senger innandørs, i lavvo eller ute under open himmel. Fleire lét seg freiste til å sove ute i nydeleg måneskin. Neste dag, fredag, var det sporløype som stod på programmet. Elevane hadde ulike postar som dei skulle gjennom, og vinnarlaget vart kåra. Før avreise midt på dagen tok alle del i opprydding og vasking.

Me vaksne som var på tur saman med denne flotte gjengen opplevde god stemning og svært positive elever – som tok ansvar!

Takk for ein flott tur!

Tekst: Lisbeth F. Oma

Foto: Bjørnar Giljebrekke og Lisbeth F. Oma

Sjå fleire foto HER!