KrF
Krf gjer det som regel svært godt under skulevalet på Framnes. Slik vart det i år også. Studér resultatet frå gårsdagens val. (illustrasjonen).

Tysdag 3.september var det skuledebatt og skuleval på Framnes. I panelet stilte ungdomspolitikarar frå partia Raudt, SV, Sp, KrF, Høgre og Frp. Temaet var "Arbeidslivet i framtida", men debatten dreia raskt inn på ein del andre tema også. Mest temperatur blei det kanskje i ordskiftet om friskular, bistand og oljeboring i Lofoten. Etter debatten var det duka for skuleval. Oppslutninga her var på gledelege 94,7 %. Som tidlegare vart det KrF som stod igjen som den store valvinnaren, med heile 56,8 % av røystene. Dette er ein markert framgang frå både skulevalet for 2 år sidan (45,0 %) og 4 år sidan (44,4 %). Senterpartiet gjorde også eit godt val, og fekk 10,4 % oppslutnad. Sjå elles grafikken for resultat for enkeltpartia.

Tekst: Sverre Lindøy

Sjå foto frå skulevalet HER!