stekka2013_004
3A og 3 B hadde ein veldig fin tur til Stekka. Klassane var delt i to, den eine gruppa gjekk over fjellet til Heradstveit og ned til Stekka, medan den andre gruppa sykla til Stekka. Dei som gjekk over fjellet var delt inn i grupper, og skulle finne to postar på vegen. Eimund var med som turleiar frå Tjønshaugkjønn og over til Heradstveit.
Sykkelgruppa kom tidleg ut, og hadde orienteringsquiz ute på Stekka. Der fekk dei brukt sine kreative kompasseigenskapar.
Då fjellturgruppa kom, vart det grilling. Nydelig vêr gav høg trivselsfaktor, og folk bada og koste seg.
Etter grilling var det tid for sykkelgruppa å gå over fjellet. Den andre gruppa hadde då orienteringsquiz før dei skulle sykle heim att.

Ein vellukka oppstartstur!

Tekst: Marta Gravdal
Foto: Eimund Solsvik og Tore Vaag

Sjå fleire foto HER!