framnsida

Torsdag 5. september kl. 08 stod det ein forventningsfull biologi-gjeng på Framnes, klar for tur til Hardangervidda. Jostein kjørte minibussen mens Torunn organiserte.

I Eidfjord møtte me Kjersti Follesøy som er naturvernleiar hos Statens Naturoppsyn. Ho hadde først eit foredrag om dyr og planter i fjellet, og tilpassingar dei har i eit tøft miljø. Så kjørte me opp til Hardangervidda og gikk innover mot Søre Gjerenut. Veret var stort sett overskya, men heldigvis nokre varmande solgløtt innimellom. Temaet for turen var å finne planter til objektsamlinga, artsbestemme dei  og sjå korleis dei er tilpassa å leve i fjellet. Me gjorde òg ei ruteanalyse. Det vil seia at me legg ut eit tau i 1x1 meters ruter på ein rabbe, nede i ei leside og nede i snøleiet. I kvar rute artsbestemmer me alle plantene og bestemmer om dei er dominerande, vanlege eller fåtallige i ruta. Dermed kan me sjå på forskjellar i plantesamfunnet i ein gradient frå rabbe til snøleie.

Kjersti hadde òg ein artig leik der "reinsdyr" skulle prøve å fange "planter". Vel nede i Eidfjord igjen tok me inn på Bergslien Turistheim der me laga middag, slappa av og artsbestemte og pressa planter for objektsamlingane.

Fredag starta med frukost. På slutten av frukosten kjente me dei første regndråpane. Me kjørte opp til Naturparksenteret og gjekk ein natursti med plakatar med opplysningar. Etter naturstien fekk kvar gruppe spørsmål som Torunn hadde laga, med tema både frå naturstien og generell biologi. Under turen regna det godt, men heldigvis var dei fleste godt kledd. Så var det å sette seg i minibussen å sette nasen mot Framnes igjen.

Takk for ein fin tur saman med kjekke og positive elevar!

Tekst og foto: Jostein Moldsvor

Sjå fleire foto HER!