tysklandsbesk_001
I perioden torsdag 12. sept-onsdag 18. sept hadde vi besøk av seks elevar og to vaksne frå venskapsskulen vår i Tyskland, FCSD. (Freie Christliche Schule Darmstadt) Tradisjonen med utveksling mellom skulane våre starta i 2004, så til neste år er det ti-årsjubileum! Utvekslinga har gitt elevar og lærarar både frå FCSD og Framnes mange gode erfaringar, kunnskapar og opplevingar gjennom desse åra. Ikkje minst ser vi nytten av at elevane får møta ungdom frå andre kulturar og læra dei å kjenna, sjølv om mykje sjølvsagt er kjent for dei før vi møtest. For elevane her på Framnes er dette ein unik moglegheit til å praktisera eit språk som dei vanlegvis berre møter i klasserommet. Dei tyske elevane sit kanskje mest igjen med store naturopplevingar og inntrykk av korleis livet på ein internatskule artar seg. (Skulen deira er ein kristen friskule utan internat.)

Besøket frå Tyskland hadde ein del program for seg sjølve og ein del saman med våre elevar: Torsdag ettermiddag vart dei henta på Flesland og køyrd til Framnes med minibuss. Der var det ein kort velkomst av rektor Harald Voster etterfølgt av eit varmt måltid. Dei elevane frå Framnes som hadde meldt seg som vertselevar var og til stade og tok i mot besøket. Etter velkomsten gjekk tyskarane i lag med sine vertselevar ein liten runde på skule og internat. Nokre av tyskarane budde hos heimebuarar, medan dei fleste budde hos internatelevar.
Fredag var vi på ein liten "sightseeing-runde" i nærområdet med minibuss på føremiddagen, tyskarane deltok litt i tyskundervisninga (kva elles?) i lag med sine vertselevar og etter skuletid og laurdag og søndag fekk dei erfara korleis ei ekte internathelg på Framnes artar seg.
Måndag var planen å dra til Bergen med ulike aktivitetar der, men ras i Tokagjelet opp mot Kvamskogen gjorde at vi måtte endra dei planane. I staden vart det gardsbesøk på Spildegarden i Øystese, der elevane fekk vera med på fruktpressing og tur til Folgefonna for å koma i nærkontakt med ein isbre gode alternativ som besøket sette stor pris på. På kvelden hadde vi laga i stand "Norwegischer Abend" (norsk kveld) i samarbeid med kjøkkenpersonalet på Framnes. Vi vart servert tradisjonell norsk kost som m.a. røykt laks, spekemat og eggerøre. Etterpå var det kaker og kaffi. I tillegg hadde tyskarane med seg både brød og pålegg som vi fekk smaka på. Etterpå var det litt felles program, der vi mellom anna sette kvarandre på prøve med quiz-oppgåver både frå Tyskland og Noreg. Ein kjekk kveld!

Tysdag var tyskarane på dagstur til Eidfjord. Besøk i Sima Kraftverk, Kjeåsen og Hardangervidda Natursenter høyrer med når vi er i Eidfjord.
Onsdag gjekk turen til Bergen for tyskarane, etter at dei hadde tatt farvel med vertselevane etter frukost. I Bergen vart det tid til litt sightseeing før dei vart køyrde til Flesland for retur til Frankfurt og Tyskland onsdag ettermiddag.

Takk til alle som bidrog til å gjera dette besøket frå Tyskland til minnerike dagar for dei som var involvert!

Tekst: Geir Johnny Undal

Foto: Ingvill Sørheim og Birgit Hofmann

Sjå fleire foto her!