godsaker_til_middag_2013__002

Torsdag 3. oktober hadde kjøkenet på Framnes besøk av Rolf Helgesen frå Findus og Egil Erstad frå Vaasan. Karane hadde ansvar for å lage til ein temadag med burgarar i ulike variantar. Det var burgarar med kjøt, fisk og vegetarkost.

Elevane fekk sjølve setje saman burgarane, slik dei ville ha godsakene. I tillegg vart det servert nydelege bollar, pluss donuts til dessert (biletet). Dette var middagen den dagen!

Tekst: Berit Jørgensen
Foto: Martine Sjøen