aktivitetsdag_2013__082

Ein vakker haustdag i byrjinga av oktober vart det arrangert barnas turdag i regi av friluftslivelevar frå Framnes. Turen gjekk opp til Tjønshaugtjørn i Vikøy. Både foreldre og born møtte opp, klare for tur. Det var til saman 13 born og minst like mange vaksne. På vegen opp fekk borna ei oppgåve; dei skulle sjå etter ting som «ikkje høyrde heime i naturen», skrive det ned, og sjå om dei fekk med seg alle tinga. Dette gjorde turen ekstra spanande der unge og eldre  såg ekstra godt etter i omgivnadane. Dei fant ting som gryteklutar, kleshengar, colaboks, hårbørste osv som hadde lurt seg opp i trer, buskar og låg grøftekantar.

I gapahuken  ved Tjørnshaugtjørn hadde friluftslivelevane klargjort pølse, pinnebrød og sveler på bål. I tillegg fekk  foreldre og born høyre to kjekke forteljingar medan dei sat og koste seg med bål og turmat; «Tommeliten» og «Guten som drog til nordavinden for å få mjølet tilbake». Etter litt mat og kos var det fram med lommelykter og starte på nedturen. Med stemning på topp traska gjengen glade og nøgde ned frå fjellet igjen.

  Tekst og foto: Magnhild Hamre Andersland

Sjå fleire foto HER!