_A265252_A265237

Kva kall har me som kristne? Kva vil det seia å vera kristen i samfunnet? Magnus Aagaard Skeie, trainee hos tankesmia Skaperkraft, utfordra elevane grytidleg på foreldrelaurdagen. I eit personleg og direkte føredrag, ”Visjonær eller reaksjonær”, oppmoda han elevane til å tenkja gjennom kva kall ein har som kristne.

Aagaard Skeie peika på at kristne er kalla til å delta aktivt i samfunnet, som gode forvaltarar, som barmhjertige hjelparar for dei som har det vanskeleg, og vera ute blant menneske og visa dei kven dei er, slik det står i Matt. 5, 13 – 16:

“De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned.

De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!”

– Kva tenkjer du om det å vera kristen i samfunnet? spurde Aagaard Skeie.

Kristne har eit val. Anten kan me vera separatistar og gå i dekning for oss sjølve, og tru at menneska skal koma til oss, eller me kan vera lys, salt og surdeig i samfunnet og påverka utviklinga.

– Me må vera der saltet og lyset trengst. Kvar er Guds rike? Guds rike er i oss og blant oss, sa han, og viste til Luk. 17, 20-21:

”Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: «Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga. 21 Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det’. For Guds rike er midt iblant dykk.»

Aagaard Skeie oppmoda elevane til å delta og ta gode val i dag, val som kan vera med å skapa eit betre samfunn i morgon.

Han peika på ei rekkje utfordringar kristne kan engasjera seg i. Klimakrise, økonomisk grådigheitskultur, fattigdom, og menneske på flukt frå krig og undertrykking.

– Vil du satsa på noko som er større enn deg sjølv? ”Is it justice, or just us?”

For å understreka bodskapen tok han fram døme på tre kristne personar frå ulike tidsepokar som har prega samfunnet i positiv retning.

William Wilberforce var politikar i England på slutten av 1700-talet og ut på 1800-talet, og arbeidde målretta i mange år for å avskaffa slaveriet. Innsatsen hans bar frukt. I 1807 vart slaveriet avvikla i det britiske imperiet.

Martin Luther King jr. var ein amerikansk baptistpastor og framtredande leiar innan den amerikanske borgarrettsrørsla på 60-talet, vinnar av Nobels fredspris og verdskjend for talen ”I have a dream….” Til slutt måtte han bøta med livet på grunn av kampen for like borgarrettar for kvite og svarte i USA. Men innsatsen fekk positive følgjer.

Det tredje dømet er frå dagens norske samfunn. Anne Louise Hübert (24) har engasjert seg sterkt for papayene i Kenya, og kampen mot fattigdom. Ho har starta sin eigen bistandsorganisasjon: AidinAction. (Les meir på aidinaction.com).

– Uansett kva utdanning og yrkesretning de vel, ver engasjerte, ta del i samfunnet og gjer jobben dykkar best mogeleg, sa Aagaard Skeie, og refererte dei kjende orda frå Martin Luther King:

”Dersom ein mann vert kalla til oppgåva som gatefeiar, skal han kosta gatene slik Michelangelo malte eller Beethoven komponerte musikk, eller Shakespeare skapte poesi. Han bør kosta gatene så bra at hærskarane i himmelen og på jorda vil stanse opp og seia: «Her budde en storarta gatefeiar som gjorde jobben sin godt.”

 

Tekst og foto: Lars Arvid Oma